mar 152016
 
Møkster skule står ved laga som eiga eining ut valperioden me er inne i.

Møkster skule står ved laga som eiga eining ut valperioden me er inne i. Foto: Maria Vassnes.

 

Etter alle solemerke vert ikkje Møkster skule lagt ned frå hausten av. Høgre har bestemt seg for at dei ynskjer å ta vare på skulen, og fredar han ut valperioden.

 

Høgre peikar i forslaget sitt til vedtak til torsdagen sitt kommunestyremøte at Møkster-samfunnet treng føreseielege rammer for å utvikla seg. Samstundes ber Høgre rådmannen å setja i gang tiltak for å helseverngodkjenna skulen, som mellom anna har vorte råka av muggsoppåtak dei siste åra.

Etter det Marsteinen erfarer stiller ikkje Arbeidarpartiet seg bak alliansepartnaren sin konklusjon, men vil leggja fram forslag om nedlegging. Detter er eit syn som òg Kristeleg folkeparti har forfekta. Skulen kjem likevel til å verta berga med hjelp frå Senterpartiet og Framstegspartiet sine representantar.

Av Trond Hagenes