mar 162016
 
Nina Vik i Fosterheimstenesta til Bufetat og Heydar (17) fortel om det å komma til eit nytt land som ein einsleg, mindreårig flyktning.

Nina Vik i Fosterheimstenesta til Bufetat og Heydar (17) fortel om det å komma til eit nytt land som ein einsleg, mindreårig flyktning.

Barne -ungdoms -og familieetaten, Bufetat, kom på besøk til Austevoll kommune for å fortelja litt om korleis det er å vera fosterheim for einslege, mindreårige flyktningar. Møtet heldt til på Storebø skule, og rundt 40 folk dukka opp denne onsdagskvelden.

Det ynskjast å vekke ei nysgjerrigheit og interesse blant folk om det å verta fosterfamilie for unge, einslege flyktningar.

– Allereie no er det fem ordinære fosterheimar her ute, og me håpar at det skal bli fleire, fortalde Hilde Hevrøy, som jobbar i barnevernstjenesta i Austevoll.

Nina Vik og rådgjevar Gunnar Eide i Fosterheimstenesta til Bufetat var òg på staden for å informera om det å bli fosterheim. Bufetat styrer eit gjennomført opplegg for fosterfamiliar, der dei går gjennom ein del kriteria for å finna ein trygg heim for dei einslege mindreårige.

Noko av det som verdsettast er stabilitet, interesse, økonomi, overskot, eit bra nettverk og ei god helse.

– Barn under 15 år som ikkje kjem til ein familie, blir verande på omsorgssenter eller får eventuelt tilbod om ein plass i bufellesskap. Det er veldig synd, for det er ikkje tvil om at ein fosterheim er ein betre plass å veksa opp, sa Eide.

 

Ventetida

Med på laget er òg Heydar (17), for å fortelja den gripande historia si. Sjølv måtte han venta i sju månadar før han kom til ein heim.

– Eg hugsar ventetida godt. Spesielt ei dame som kom med beskjed dersom nokon hadde fått plass i ein fast kommune. Kvar einaste gong me såg ho, sprang alle bort med eit håpefullt spørsmål: Vert det meg, vert det meg denne gongen? Svaret var ofte at nei, ho hadde ikkje noko nyheit å komma med den dagen, fortalde Heyder. Han beskreiv staden som ein plass dei ikkje visste noko, der dei berre satt på vent med håpet om å få flytta ein dag.

Det er fortsatt mykje barn i ein femtenåring. Dei aller fleste har hatt nokon som har elska dei, og gidd dei tryggheit. Det treng barna no òg. Det er viktig å byggja ein trygg og god fase i bunnen av eit barneliv, vart me fortald.

Mange som er på flukt heile livet, får ikkje oppleva det å verkeleg vera eit barn. Det er det dei treng, det er eit behov.

– Det å visa at ein prøver å forstå, kan gjera ein vesentleg forskjell, og å få barna til å ikkje føla seg som ein belastning. Mange har opplevd ting me ikkje ein gang kan førestilla oss, og treng å bli motteke med forståing og openheit, påpeikte Eide.

 

Eigen erfaring

Maria K. Særsten er sjølv ei fostermor til ein gut på snart atten år, har eige barn og jobbar i faget. Ho meiner det er lærerikt og givande. Og om det blir tøft – så stå i det!

– Det er klart det kan vera vanskelig til tider. Eg har hatt mange søvnlause netter med min fosterson, men det er ofte det er eit behov for han å snakka, og dei samtalane er dei som gjer deg mest. Det tar tid, spesielt å skaffa tryggheit, men det er så spennande, og du lærer så mykje! Som fosterfamilie må du stille sterkt, og stå i det heile vegen, forklarte ho.

Det viktigaste i fylgje Maria, er at barne skal bli høyrt, sett og få omsorg. Med kjærleik og kommunikasjon har du det meste.

 

Besøksheim

Anette Gjerde Nordvik er blant dei som kom på møte. Ho er ikkje ein fosterfamilie, men besøksheim, noko som det òg er behov for i kommunen. For ho, mannen og deira fire barn, har det vore ei positiv oppleving.

– Me blei besøksheim for to år sidan. Me får besøk kvar onsdag til torsdag, og ei helg i månaden, av ein gut i frå Austevoll. Det går veldig fint, over all forventning! smilte ho og la til at familien diskuterte det saman fyrst, og vart einige alle mann. Dei ynskja å vera besøksfamilie.

 

For meir informasjon om fosterheim, besøksfamiliar eller det å bli verge, kan du besøke Www.Fosterheim.no

 

Av Ida Camilla Jarnes