mar 172016
 
Helge André Njåstad (Frp) argumenterer ivrig for å sikra føreseielege ramer for Møkster.

Helge André Njåstad (Frp) argumenterer ivrig for å sikra føreseielege ramer for Møkster.

 

Den politiske handsaminga av Møkster skule er knytt til om ein skal freda skulen utover den inneverande valperioden. Framstegspartiet ynskjer freding utover inneverande periode, medan Høgre meiner at sitjande kommunestyre ikkje kan binda kommande kommunestyrer til å oppretthalda drifta lenger.

 

Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet arbeider med å finna ei felles formulering om kor lenge politikarane ynskjer å sikra skulen på Møkster.

– Denne skulen handlar ikkje berre om skule, men handlar òg om den største av småøyane vår, er meir isolert og sårbar enn Drøno, Storekalsøy og Møkster som er umogleg å ignorera. Å leggja ned skular på øyar som dette har det konsekvensar, seier ordførar Morten Storebø (H), som òg har vore med å springa nautisk maraton på Møkster.

Helge André Njåstad meiner at Høgre sin gruppeleiar Liv Bente Storebø sine innvendingar mot konklusjonane til eige parti sitt forslag til vedtak, som ho likevel vil stemma for, gjev grunn for møkstringane å vera urolege for framtida.

– Me kan ikkje senda ut signal om at me nølar oss fram til eit vedtak, kommenterte Njåstad frå kommunestyret sin talarstol.

Tidlegare i debatten hadde både Arbeidarpartiet og Kristeleg folkeparti sin gruppeleiar Kai Eliassen konkludert med at skuleskyssen frå Møkster til Storebø ville vera forsvarleg.

– Er Drøna, Storekalsøy eller Stolmen vorte avfolka etter at skulane er lagde ned? spurde Eliassen.

Edvard Johannes Stangeland (Sp) repliserte.

– Du kan ikkje samanlikna å køyra buss over Stolmabrua til å ta snøggbåt over Møkstrafjorden, sa Stangeland og la til at det fjordstrekket slett ikkje er å spøka med.

Enden på visa er at Høgre stemmer for Framstegspartiet og Senterpartiet sitt framlegg frå formannskapet. Dermed er Møkster skule redda, mot sju stemmer.

 

Av Trond Hagenes