mar 312016
 
Austevoll Seafood er eitt av fem selskap Folketrygdfondet har investert i. Her frå Austral-fabrikken i Coischo, Perú. Arkivfoto.

Austevoll Seafood er eitt av fem selskap Folketrygdfondet har investert i. Her frå Austral-fabrikken i Coischo, Perú. Arkivfoto.

Laksenæringa er det fleire som har trua på for augneblinken, og Folketrygdfondet har etter det Fiskeribladet Fiskaren erfarer, investert 7,5 milliarder kroner i norske sjømataksjar. Både Austevoll Seafood og Lerøy Seafood Group er blant dei fem selskapa fondet har investert i.

– Me har større investering i sjømatsektoren enn referanseindeksen vår, som ei ei slags handleliste som Finansdepartementet har fastsett, seier Ann Kristin Brautaset, assisterande direktør for aksjar i Folketrygdfondet.