mar 312016
 
Camilla Berge Vik tek PhD-graden ved NTNU i Trondheim.

Camilla Berge Vik tek PhD-graden ved NTNU i Trondheim.

Ho har lært seg å sjå det store i det vesle ho driv på med, doktorgradsstipendiat Camilla Berge Vik (30). Ein liten bit av produksjonen av biodrivstoff er der ho sett inn støyten.

Eigentleg var det dopingjeger Camilla Berge Vik frå Huftarøy sikta seg inn på då ho starta på sivilingeniørstudiet i kjemisk prosessteknologi på Norges teknisk-naturvitskaplige universitet, NTNU, i Trondheim. Det vart raskt lagt på hylla, og interessa for større kjemiske prosessar tok over. Den gløden har ho teke vare på sidan, og har ført henne attende til bartebyen og doktorgradsstudiar.

– Doktorgraden er på mange måtar ein skule i å verta forskar: Korleis du sjølvstendig kan finna fram haldbare resultat på nye område, seier Camilla. Det siste året har ho teke ein pause i arbeidet, tvillingparet Aurora og Matilde har sytt for eit avbrekk. No er det likevel straks full rulle med barnehage, vidare doktorgradsarbeid, bleieskift og andre rutinar. Ein ting som klarnar tankane trur ho likevel ho kjem til å sakna frå morspermisjonen.

– Trilleturar i dagslys gjer underverk når det skortar på gode idèar og klåre tankar, smiler forskarspira, for høvet attende i gamle trakter: Vinterhagen til mor og far i byggjefeltet i Nordre Vik.

Les meir om arbeidet hennar på PDF eller papir i dag.