mar 312016
 
Etter handsaming med mellom anna knipetang, ser lagnaden langt lysare ut for svara som far ferda kringom med krok i beinet den siste tida. Foto: Austevoll kommune.

Etter handsaming med mellom anna knipetang, ser lagnaden langt lysare ut for svara som far ferda kringom med krok i beinet den siste tida. Lars Bu med fast grep om pasienten. Foto: Austevoll kommune.

Fiskeutstyr er ikkje berre-berre, spesielt om du er så uheldig å få deg sjølv på kroken. Ei av svanene som har teke tilflukt på øyane våre har òg vore uheldig og kroka seg i noko fiskeutstyr.

Torsdag kom hjelpa, i form av Austevoll brann- og redningsteneste, som for andre dagen på rad rykte ut for å ta tak i svana.

– Det var langt frå lett, men til slutt fekk me hand om henne, og fekk fjerna makrellopphenget som hadde kroka seg i symjefoten hennar, seier Olav Jarnes, som saman med Lars Bu stod for redningsdåden, som har fått stor merksemd på sosiale medium.