apr 062016
 
konfløp3

Soknerådsleiar Per Nordstrand sparte ikkje på kruttet.

konfløp

Det var ikkje berre konfirmantane som deltok.

konfløp2

Ordførar Morten Storebø oppmuntra livsstilsdamene under løpet.

Konf-løpet som kyrkja i Austevoll arrangerte onsdag kvelden vart ein stor suksess. Over 70 personar, både konfirmantar, barn, foreldre og besteforeldre, deltok på løpet der dei sprang for å samla inn pengar til barne- og ungdomsarbeidet i kommunen. Alle hadde skaffa eigne sponsorar, som kunne sponsa med enten eit fast beløp, eller eit beløp for kvar runde den enkelte deltakaren klarte å springa i løpet av ein time. Det enda over alle forventningar, og nærare 160 000 kroner vart sprunge inn.

– Me kjem nok ikkje til å landa før langt ut i neste veke. Å sjå sluttsummen vart eit skikkelig adrenalinkick!  uttrykkjer ei nøgd Karen Kvinge, som arbeidar som kontorleiar og trusopplærar i Austevoll sokn.

Kvinge seier på vegne av soknerådet at dei set stor pris på at så mange deltok på arrangementet, både som mosjonistar og tilskodarar.

 

Av Maria Vassnes