apr 072016
 
Anders Økland og Karin Kersti Østervold meiner at heilt sentrale punkt om framtida til nye Storebø skule ikkje er kommen godt nok fram. Dermed krev dei ny politisk diskusjon.

Anders Økland og Karin Kersti Østervold meiner at heilt sentrale punkt om framtida til nye Storebø skule ikkje er kommen godt nok fram. Dermed krev dei ny politisk diskusjon.

 

Sameinte krefter på Hundvåkøy, med Karin Kersti Østervold og Anders Økland i brodden, har enno ikkje gitt opp kampen om å ta vare på skulen på øya, trass i ein pågåande samanslåingsprosess med nye Storebø skule.

 

Det er representantar frå husmorlag, idrettslag, foreldreutvalet og næringslivet som går saman om eit initiativ om å halda på bygdeskulen, leia av Karin Kersti Østervold og Anders Økland. I eit skriv som sirkulerer i skulekrinsen er bygdefolket særleg uroa over at den nye skulen på Storebø om kort tid kan vera for liten for auken i elevar som kan komma dei neste åra, og dei peikar på at spesialrom ved den nye skulen allereie er omgjorde til ordinære klasserom. Kanskje pressar ytterlegare nybygg på Storebø seg fram.

– Med prognosane som ein har i dag med tanke på elevtalet, vil skulen vera for liten om om lag fem år. Me meiner at kommunen sine pengar ville vorte mykje betre nytta ved å investera i Trolandshamar skule, understrekar Karin Kersti Østervold og Anders Økland. Samstundes meiner dei at dette heilt avgjerande elementet ikkje er godt nok kommunisert i handsaminga av skulesaka.

– Me kjem seint i gang med dette, men forventar at politikarane vil høyra på oss, seier duoen, som allereie merkar stor støtte hos folket på øya. Dei har forventningar til at spesielt Høgre vil vera interessert i dette, då mange hundvåkarar meiner at dei vart førespegla ny politisk handsaming etter valet. Det har ikkje skjedd.

Resten av saka kan  du lesa i PDF-utgåva eller papir i dag.