mar 112011
 

Fjorden Baby! vert å finna på Havfest i juni. (Pressefoto)

Loddefjords-gruppa Fjorden Baby!, som nyleg har hausta utmerkte anmeldingar på andrealbumet Se Deg Rundt i Rommet (terningkast VG: 6, Dagbladet: 5), vert i finna i Prestagardshagen den 11. juni.
Festivalsjef Håvard Brekke Haugland seier til Marsteinen at dei er veldig nøgde med signeringa.
– Dette er Fjorden Baby! sitt år, og for å visa at me har ambisjonar som festival, er det viktig å få med slike kjende artistar.
Gruppa vart landskjende hiten Karoline frå debutplata 5071 i 2009. Rendezvous, frå det nye albumet, slo gjennom på norsk radio allereie i haust, og har mellom anna fått mykje ros for musikkvideoen, som austevollingen Sjurd Melingen Alvsåker har vore med å laga.
Håvard Brekke Haugland vil ikkje kommentera om styret har fleire artistar på tapetet som enno ikkje er offentleggjorte.
– Det er kanskje noko meir som ligg på lur, men det vil eg ikkje seia noko om enno.