apr 092016
 
Austevoll - VestsidenAskøy 2-1 ved pause. Målscorar Tord Harald Skår og Kristoffer Østervold

Austevoll – VestsidenAskøy 2-1 ved pause. Målscorar Tord Harald Skår og Kristoffer Østervold.

Oransjetrøyene vann 4-1 mot Vestsiden Askøy i den fyrste kampen i serien. Austevollingane sine målscorar var Tord Harald Skår og Kristoffer Østervold (2) og Ingen André Rabben.

Austevollherrane leiar 2-1 til pause i dagens kamp mot Vestsiden Askøy. Bortelaget tok leiinga ved Marius Salamonsen, og dei hadde eit slags overtak. Austevoll kom etter utlikninga til Tord Harald Skår, og det var slett ikkje ufortent då Kristoffer Østervold testa slegga si frå 25 meter og duppa inn 2-1 til oransjetrøyene like før pause.

AIK vart førande etter pause, utan dei store sjansane før Kristoffer Østervold brende ein stor sjanse. Like etter revansjerte spissen seg etter flott samarbeid med Joachim Bjånesøy, og kunne åleine med keeper setja inn 3-1. Tre minutt på overtid fastsette Inge Andre resultatet til 4-1.