apr 102016
 
"Rygervakt" forsøkjer å sløkkja brannen om bord i Tobiasen. Foto: Olav Jarnes, Austevoll kommune.

«Rygervakt» forsøkjer å sløkkja brannen om bord i Tobiasen. Foto: Olav Jarnes, Austevoll kommune.

Ein båtførar vart redda frå fritidsbåten sin utanfor Kalve på Storekalsøy sundag i lunsjtider. Austevoll brann- og redningsteneste var òg relativt raskt ved havaristen, som ikkje kunne bergast.

– Det hadde oppstått brann i motorrommet, og båtføraren vart redda av bror sin etter sju minutt, seier Olav Jarnes i brannvesenet til lokalavisa.

Det var ein 23-fots Tobias som vart flammane sitt rov, melder Bergens Tidende.