apr 142016
 
Hovudverneombod Steinar Årland, dagleg leiar Oddmund Skår, attføringsleiar Trine S. Braseth og styreleiar Helge André Njåstad er langt frå nøgde med at Austevoll kommune hart sagt opp avtala med verksemda.

Hovudverneombod Steinar Årland, dagleg leiar Oddmund Skår, attføringsleiar Trine S. Braseth og styreleiar Helge André Njåstad er langt frå nøgde med at Austevoll kommune hart sagt opp avtala med verksemda.

 

Trass i 25 år med positive røynsler med ATA-drift på Austevoll ASV, har kommunen sagt opp avtala med verksemda. Austevoll kommune peikar på at det berre er ei lita brikke i ei større omorganisering.

 

Arbeidssamvirket har sidan nedlegginga av Oasen dagsenter teke hand om dagtilbodet til ATA-gruppa. Etter 25 år, ynskjer kommunen å seia opp avtala, som har vorte forlenga på halvårbasis etter at ho gjekk ut i 2016.

– Me meiner at me kan driva dagsentertilbodet til denne gruppa både betre og billegare enn det kommunane kan. Det viser tala våre, kommenterer dagleg leiar Oddmund Skår til lokalavisa. Han peikar på at verksemda har lagt ned mykje arbeid i kvalitet for gruppa det gjeld, og at brukarundersøkingar som er gjennomførte viser at brukarane deira trivst med å ha noko å gå til.

Konstituert kommunalsjef Jofrid Troland viser til at kommunen held på med å omorganisera drifta si i eit lærings- og habiliteringssenter, og at det er naturleg å dra drifta av ATA-avdelinga inn i denne.

– Me ynskjer ei tettare oppfylging av brukarane, og høve til å nytta breiare kompetanse for denne gruppa òg på dagtid, seier Troland. Dermed vil dei tilsette på bufellesskapet òg kunna fylgja ATA-gruppa på dagtid. Saman med rådmann Helge Skugstad poengterer Jofrid Troland at omorganiseringa kan ha positive effektar for Arbeidssamvirket.

Resten av saka kan du lesa på papir eller PDF i dag.