apr 152016
 

 

Allereie før klokka tolv i dag hadde folk begynt å samla seg på utsida av Bekkjarvik Torg for å få med seg opninga av Smakeriet Burgerbar. Dei fyrste timane var dei fleste stolane i det nyoppussa lokalet fylte, og kundane prøvde seg på både heimelaga hamburger, italiensk pizza og forskjellig bakst. Med to kjende kokkar: tvillingbrørne Ørjan og Arnt Johannesen, med på laget var forventningane til kundane ekstra store denne føremiddagen.

 

Dagleg leiar Cecilie Andreassen stod for den offisielle opninga av Smakeriet Burgerbar på føremiddagen i dag.

Dagleg leiar Cecilie Andreassen stod for den offisielle opninga av Smakeriet Burgerbar på føremiddagen i dag.

 

Historisk hending; fyrste matbestilling.

Historisk hending; fyrste matbestilling.

 

Italiensk pizza, som vart kvalitetssikra av kokken Gino som var på besøk heilt i frå Alba.

Italiensk pizza, som vart kvalitetssikra av kokken Gino som var på besøk heilt i frå Alba.

 

Denne gjengen var særs nøgd med både maten og servicen.

Denne gjengen var særs nøgd med både maten og servicen.

 

Innerst i hjørna sat fire blide damer og nytte ein kopp kaffi med noko attåt.

– Me pleier å samlast kvar veke for lunsj, og i dag smakte det heilt utmerket! Me sakna litt dei påsmurte rundstykka, men dei kjem nok etter kvart. Her kjem me heilt klart tilbake mange gongar, smilte gjengen.

 

Av Maria Vassnes