apr 162016
 
Elida og Simon på scena: Samspelet mellom dette musikalske søskenparet på scena, imponerte fleire i publikum.

Elida og Simon på scena: Samspelet mellom dette musikalske søskenparet på scena, imponerte fleire i publikum.

Rundt eit bord sit dei. Ungdomane frå Austevoll som gjekk vidare frå lokalmønstringa til UKM- festivalen i Hordaland. No er helga komen og det er tid for å stå fram og visa talenta sine, men ikkje minst det å vera ein del av det særs sosiale arrangementet. Dei er både nervøs og spente, spesielt søskenparet Elida og Simon Waage. Dei skal opp på scena om ikkje så alt for lenge.

– Det er litt av eit nivå her denne gongen, trur ikkje det har vore så høgt før, kan mor til søskenparet Sissel Arnesen fortelja. Ho har nemleg vore med ungane på evenementet fleire gongar før og veit kva det går i. Uansett kven ein snakkar med vert det unormale, høge nivået i år, nemnt. Gjengen som har vore oppe sidan klokka sju, tykkjer likevel at det er det sosiale som er høgdepunktet i år.

– Denne gongen er me her heile helga, i staden for å berre koma å gjera det ein skal, for så å  gå igjen, forklarar Thea Nordbak Gloppen som er ein av dei som var deltakar her i fjor.  Dei overnattar nemleg i nærleiken av USF verftet, kvar det heile skjer. Elida og Simon Waage, samt Thea Nordbak Gloppen føl på det å snart skulle framsyna kunsten sin. Både ho og søskenparet er spent, men dei har god støtte i både dei andre deltakarane på evenementet, men også resten av Austevollingane som fyrst skal framsyna sine talent i morgon, Sundag.

 

Av: Severin Tøkje

 

Ein større og meir utfyllande sak om korleis helga har vore for ungdommane og korleis det gjekk i kampen mot den høge lista kan du sjølvsagt lesa i papiravisa, fyrstkommande Torsdag.

 

Thea Nordbak Gloppen: Det var særs mange som var innom for å titta på kunsten til blant anna Thea Nordbak Gloppen, som står bak tusjteikningane du kan sjå oppe, til høyre i bilete.

Thea Nordbak Gloppen: Det var særs mange som var innom for å titta på kunsten til blant anna Thea Nordbak Gloppen, som står bak tusjteikningane du kan sjå oppe, til høyre i bilete.