apr 162016
 
Os og Marius Mikkelsen hoppa høgast og fekk mest til på Kuventræ. Bataljen om Bjørnefjorden enda 4-0 til heimelaget. Foto: Andris Hamre, Midtsiden.

Os og Marius Mikkelsen hoppa høgast og fekk mest til på Kuventræ. Bataljen om Bjørnefjorden enda 4-0 til heimelaget. Foto: Andris Hamre, Midtsiden.

Marius Mikkelsen og Os var eit par nummer for store for Austevoll-herrane i dagens oppgjer på Kuventræ. Kampen enda med 4-0-siger til gultrøyene, men utan at AIK-trenar Stig Storebø fortvilar av den grunn.

– Os var gode, ingen tvil om det. Me sleppte inn litt enkle mål, men me skapte litt spesielt i fyrsteomgangen. Kjekt å sjå at løpsmessig matcha me 0singane, men dei var veldig samkjørt som lag. Me kjem til å bli bra utover, seier trenaren optimistisk.