apr 202016
 
Gode nyhende for DOF Subsea. Illustrasjonsfoto: DOF ASA.

Gode nyhende for DOF Subsea. Illustrasjonsfoto: DOF ASA.

Trass i ein vanskeleg marknad for offshoremarknaden, har DOF Subsea dei siste månadane sikra seg ei rekkje kontraktar ute i verda. Både i Asia, Afrika, Nord-Amerika og Europa er det forhandla fram nye kontraktar, mellom anna ei rammeavtale med Maersk for inspeksjonstenester og -arbeid for Nexans – som har eit prosjekt for  knytta saman elektrisitetsmarknadane i Noreg og Tyskland. Konsernet har òg sikra seg fornying av ei rekkje eksisterande kontaktar i nærområda våre.

Mons S. Aase, administrerande direktør i DOF-konsernet, er naturlegvis nøgd.

– Forankringa av ein flytande plattform, ein såkalla Floating Production, Storage and Offloading, utanfor kysten av Ghana, og plasseringa av eit skip til i Canada, aukar nærværet vårt i desse marknadane og styrkar den globale posisjonen vår, seier Aase i ei pressemelding.