apr 282016
 
Ingrid Halstensen og Erik Thorstvedt - TV2 sin OL-duo i Rio.

Ingrid Halstensen og Erik Thorstvedt – TV2 sin OL-duo i Rio. Foto: TV2.

Til vanleg er ho programleiar i sportsnyheitene, men i sommar ventar ei endå større utfordring for Ingrid Halstensen (28), då ho er teken ut til å vera programleiar for sommar-OL i Rio saman med tidlegare fotballproff Erik Thorstvedt.

– Det vert kjempespanande, ei massiv oppgåve som eg gler meg mykje til, seier Halstensen direkte i frå Jamaica. Ho har nett intervjua Usain Bolt, og seier til Marsteinen at ho treng nokre sekund på å samla seg litt etter å ha snakka med verdas raskaste mann, før ho fortel vidare om den komande jobben.
– Det vert utan tvil den største utfordringa eg har fått hos TV2 så langt, fortel Ingrid, som starta hos kanalen då ho vart henta inn som programleiarvikar til Premier League-sendingane for seks år sidan. Etter fleire år ved sportsdesken ser ho no fram til ei endå større oppgåve der ho skal vera med å leia OL-sendingane.
– Før jul sa eg at eg hadde lyst til å jobba med Tour de France eller X Games, men så fekk eg ein mail i frå sjefen min om at eg heller måtte førebu meg til OL-jobbing. Det hadde eg ikkje tenkt på som eit alternativ ein gong! Den mailen kjem eg til å hugsa lenge, ler Halstensen.
Ho skal arbeida normalt ut mai månad, før ho brukar juni til å setja seg inn i OL-materialet.
– Det er mykje større opplegg, og meir å setja seg inn i enn i jobbane eg tidlegare har gjort. Det er stort å få Erik Thorstveit som makker. Eg gler meg til jobben, og håpar å visa meg tilliten verdig. Det vert eit fantastisk eventyr!

Av Maria Vassnes