mai 062016
 
Olav Endre Drønen er røynd rekefiskar, og registerer at dei små krepsdyra vert stadig sjeldnare innaskjers. No etterlyser han med forsking på effektane av oppdrettsnæringa sine lusemiddel.

Olav Endre Drønen er røynd rekefiskar, og registerer at dei små krepsdyra vert stadig sjeldnare innaskjers. No etterlyser han med forsking på effektane av oppdrettsnæringa sine lusemiddel.

 

Rekefelta innaskjers er over natta vorte så og seia tomme. Lokal rekefiskar Olav Endre Drønen er redd for at det kan ha samanheng med utslepp av lakselusmiddel frå oppdrettsanlegg.

 

Rekefiskarane er urolege. Trass i gode fangstar vestom land, er fjordane kring øyane våre nesten vorte som ei ørken å rekna når det kjem til reker, hevdar Olav Endre Drønen.

– Dette trålfeltet har alltid vore som banken for oss. Fekk me ikkje nok reker andre stadar, kunne me stikka ned i Skoltafjorden og i alle høve få dekka kostnadane til bunkers, seier rekefiskar Drønen. På ein god dag har ein historisk sett kunna hala inn over 100 kilo med djuphavsreke frå feltet like nord om Ystaneset på Stolmen.

Rekefiskar Olav Dale frå Os delar Drønen sine erfaringar, og meiner at lite reke har gått til inga reke. Nokre konklusjonar om årsakar vil han likevel ikkje komma med.

 

Meir forsking

I år har reka vore å hala ved Goltasteinen, som krev godt vêr og roleg sjø for å få halt inn fangsten. Drønen si uro er ikkje berre for eigen fangst og økonomi, trass i at han har investert gode pengar i oppjustering av reketrålaren sin ”Munin” dei siste åra.

– Fyrst og fremst meiner me at det trengst meir kunnskap om korleis lusestoffa verkar inn på rekene. Me har ikkje anna å halda oss til enn det me erfarer der med trålar, seier han til lokalavisa medan trålen vonleg fangar noko reke der nede på djupet.

Olav Dale meiner at det hadde vore gunstig om oppdrettsanlegga hadde vorte plasserte lenger vekk frå felta deira, sjølv om han ikkje vil spekulera i samanhengar.

Les meir om kva forskarane svarar på etterlysinga på papir eller PDF