mai 062016
 
: Morten Teigen saman med kona Sarah som vart med på testflyging, som ofte familiemedlemmar får vera med på. Foto: Privat.

Morten Teigen saman med kona Sarah som vart med på testflyging, som ofte familiemedlemmar får vera med på. Foto: Privat.

 

Knapt nokon er upåverka etter helikopterstyrten i Øygarden. For pilot Morten Teigen (32) råka ulukka hardt: Han miste to gode venner og kollegaar i selskapet han flyg for.

 

Bilen til kollega Michele Vimercati (44) står enno parkert ved jobben på helikopterbasen. Tankane går gjennom hovudet til Morten Teigen frå Storebø etter at ein av CHC Helikopter Service sine SuperPuma-maskinar brutalt styrta og alle 13 om bord omkom.

– Michele elska å gå i naturen og fotografera solnedgangar. Medan eg får helda fram med  flyga og køyra kule bilar, får verken han eller Olav Bastiansen (57) oppleva det meir, seier helikopterflygaren til Marsteinen. Han innser at det like godt kunne ha vore han sjølv som ikkje kom heimatt, og at det er tøft å gå gjennom tapet av dei to gode kollegaane saman med kona Sarah og den nyfødde dottera si.

Storfamilien

Når Morten er på jobb for CHC Helikopter Service er han pilot på dei amerikanskproduserte Sikorsky S-92-maskinane. Trass ulukka gler han seg til å komma på jobb att. Han fortel om eit jobbsamfunn der dei tilsette brenn for jobben sin. Dei som sat i cockpiten på ulukkeshelikopteret kunne ikkje gjera noko for å hindra utfallet då rotoren fall av.

– Dette er ein flygar sitt mareritt – å komma opp i ein situasjon der all trening og røynsle ein har fått ikkje spelar inn for å kontrollera utfallet, forklarar Morten. Han legg til at slike situasjonar inntreff særs sjeldan, og at han difor ikkje personleg kjem til å vera redd når han set seg bak stikka.

– Eg fokuserer i staden på at me har opparbeidd oss ein utruleg tryggleiksstatistikk i Nordsjøen, trass dårleg vêr og utfordrande flyging.

Morten takkar avdøydde Michele Vimercati for mykje av dette, då han hadde lagt ned mykje tid i å standardisera flyginga til plattformane på sokkelen. Austevollingen spurde ofte den italienske flygarkompisen til råds når han lurte på eitkvart. Også Olav Bastiansen var ein storleik som sette spor etter seg, etter lang innsats i flytryggingsarbeid både nasjonalt og internasjonalt.

 

Stolar på utstyret

Å bli flygar er noko Morten hadde drøymt om lenge, og utdanninga tok han i USA, der han for tida òg bur saman med den vesle familien sin.

– Lidenskapen for flyginga har eg framleis med meg, og eg gler meg til å komma attende på jobb. Det er forferdeleg det som skjedde på fredag, og eg vil alltid vera trist når eg tenkjer på det. Likevel er det slik at me i CHC Helikopter Service er ein gjeng som tek vare på kvarandre, og eg stolar framleis 100 prosent på utstyret eg flyg, seier han. Han kunne ikkje ha sett fram mot  komma seg på jobb att, dersom ikkje flygetryggleiken hadde vore teke vare på.

 

Av Trond Hagenes

 

Bt

: Morten Teigen saman med kona Sarah som vart med på testflyging, som ofte familiemedlemmar får vera med på. Foto: Privat.

: Morten Teigen saman med kona Sarah som vart med på testflyging, som ofte familiemedlemmar får vera med på. Foto: Privat.