mai 062016
 

Austevollingane Edvin og Christian Skår held seg i godt selskap, då dei var med å stifta Taredyrkarnettverket for mat. Kva var vel då meir naturleg enn at ein verdsmeister i kokkekunst laga til smaksprøvar frå den blå åkeren?

Oppstarten av det fyrste tarenettverket i landet vart markert på Bekkjarvik Gjestgiveri, då Det Kongelige Selskap for Norges Vel inviterte til stiftingsmøte. Nettverket er eit samarbeid mellom åtte verksemder som held på å byggja eit næringsstyrt nettverk av taredyrkarar langs Norskekysten.

Taredyrking kan verta den store nye sjømats-satsinga i Norge. Innan 2050 kan landet produsera 20 millionar tonn tang og tare til ein verdi av 40 milliardar kroner, i følgje ein Sintef-rapport om verdiskaping i havet frå 2012. Taredyrkarane delte erfaringane sine med kvarandre då dei var samla. Etter ei omvising på dyrkingsanlegga til brørne Christian og Edvin Skår like nordaust for Bakkasund, samla den tilreisande gjengen seg på gjestgiveriet i Bekkjarvik. Inviterte var seniorrådgivarar frå både Nærings- og fiskeridepartementet, Innovasjon Norge, Mattilsynet, næringssjef i Hordaland fylkeskommune, forskar frå Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatsforsking, og Austevoll sin eigen stortingspolitikar, Helge André Njåstad, som på vegne av alle øybuarane ynskte gjestane velkomne til kommunen, med eit lite tilbakeblikk i kommunen si historie som garnityr.

– I Austevoll finst ikkje janteloven, så eg ser på det som naturleg at eit slikt nettverk vert stifta her, skrytte Njåstad.

– Dagen i dag ser me på som eit startskot for bransjen. Ei markering av oppstartinga for taredyrking for mat, sa ein tydeleg nøgd Edvin Skår, før konferansier for dagen, Administrerande direktør for Norges vel, Øyvind Ørbech Søreim snakka vidare om nybrotsarbeidet: Dyrking av algar til mat.

Gjengen fekk servert fire rettar med havets grønsaker. Fyrst ut på menyen stod tarestein med crème fraiche og løyrogn frå ferskvannsfisk med sukkertare på toppen.

Gjengen fekk servert fire rettar med havets grønsaker. Fyrst ut på menyen stod tarestein med crème fraiche og løyrogn frå ferskvannsfisk med sukkertare på toppen.

 

Resten av saka frå oppstarten av taredyrkarnettverket kan du lesa HER eller på papir.

 

 

Av Maria Vassnes