mai 122016
 
Thomas Sivertsen (16) mottek Drømmestipendet i dag.

Thomas Sivertsen (16) mottek Drømmestipendet i dag.

Hjarta hans ligg enn så lenge i møbeldesign, men det er med kortfilmen The Blackest Day Thomas Sivertsen (16) har rørt andre sine blodpumper. I dag mottek han Drømmestipendet.

 

Det var eigentleg ei norskoppgåve på skulen. Så kom Ungdommens kulturmønstring, både lokalt og regionalt, før filmskaparen Thomas Sivertsen (16) fekk meldinga om han mottek Drømmestipendet på heile 10 000 kroner – ei hjelp til å ta fleire kreative steg framover.

– Eg er overraska over at det eg gjer her ute på øya vert lagt merke til, seier Thomas sjølv. Filmen vart spelt inn på ein dag, og klypping og redigering unnagjort med meir arbeid. Og det er ikkje ein komedie unge Sivertsen frå Bjørnaneset har laga. Tvert om, han har sett fokus på det ubehagelege, vonde og nettopp svarte.

– Det flaumar over av lukkelege songar og kjærleiksklisjear. Det er ikkje alltid slik: Mange tør ikkje vera seg sjølve, og tek på seg ei maske – kanskje for å unngå å verta mobba. Er det slik at ein mistar seg sjølv? funderer 16-åringen. I kortfilmen, spela inn på eit lite kamera og med kamerastativ frå Sparkjøp, fylgjer me ei ung jente som er så djupt ulukkeleg at ho vurderer ein overdose for å gjera slutt på pinslene.

– Kanskje treng me sterke verkemiddel for å stoppa opp?

Thomas, som går design- og handverklina på Fitjar vidaregåande skule, er inspirert av filmfotograferinga og lyssettinga i den amerikanske skrekkserien American Horror Story, som over fleire sesongar har servert saftige, morbide historier med mellom andre evigunge Jessica Lange som eit av skodespelartrekkplastra.

Skjermdump frå filmen.

Skjermdump frå filmen.

Her kan du sjå heile filmen Thomas har produsert.