mar 152011
 

14 lys levande skotske høglandskuer og -stutar har innteke utmarka mellom Vassnes og Kjempefaret. Dei lodne, raudoransje til svarte dyra er dyr som er ala fram grunna utsøkt kjøtkvalitet. Eigarane John Inge Vik og Per Henning Gjuvsland vonar òg at dei har andre kvalitetar.

– Me har høyrt at desse dyra er utmerkte landskapsryddarar, og me kjem til å ha dei gåande saman med villsauen her heime i Austevoll, seier duoen. I helga fekk den fyrste kua kalv, og sjølv om dyra normalt stoggar ved gjerde, oppmodar dei ferske høglandsfebondane at folk held avstand til inngjerdingane i kalvetida.

Med andre ord er det slett ikkje eldsinte moskus som har innteke marka ved Kjempefaret, slik Marsteinen fekk melding om av tipsarar her om dagen…