mai 202016
 
Er det godt nok med berre eitt ambulansemannskap, som både skal operera bil og båt, undrar Jan Nergaard.

Er det godt nok med berre eitt ambulansemannskap, som både skal operera bil og båt, undrar Jan Nergaard.

Jan Nergaard miste svigersonen få ambulansebåten var oppteken på eit anna oppdrag. Kommuneoverlegen innrømmer at legevaktslegane er urolege når båten er borte.

Hytta på Barmensletta var nybygd, og Jan Nergaard si dotter Christin (45) og svigersonen Åge (53) hadde gjestar. Ved stovebordet tøysa dei fælt, og brått skar den tidlegare byggmeisteren tenner. Det var slett ikkje tull og tøys – men eit retteleg hjarteinfarkt.
Nergaard fortel om opprivande minutt, der kona og han sjølv braut opp eigne aktivitetar og fann barnebarnet Lotte (14) gråtande i vegkrysset opp til Barmasletta. Dei som skulle køyra ambulansane kjende ikkje til vegadressa, var meldinga.
– Det kjendes veldig lenge ut før legevakt og ambulanse kom. Samstundes viste det seg at ambulansebåten var oppteken på eit oppdrag, seier Nergaard. Bergensaren ynskjer å retta fokuset mot samtidskonfliktar – altså der ambulansane er opptekne på utrykking eller andre oppdrag.
Trass i opplivingsforsøk frå austevollsk legevaktslege og mannskap som seinare kom til frå luftambulansen, stod livet til 53-åringen ikkje til å redda. Attende stod sambuar og to barn på 14 og 6. Lotte stod konfirmant i vår, med eit stor sakn etter faren.

Urolege

Medan det er kommunen som har ansvaret for legevakta på øyane, er det Helse Bergen som er ansvarlege for ambulansetenesta. Kommuneoverlege Inger Cecilia Uglenes legg ikkje skjul på at det er ei ekstra bør å vera legevakt når ein veit at båten er oppteken.

– Me er heilt klart urolege når me veit at det er ei samtidskonflikt. Likevel har me ein god dialog med Helse Bergen, og har gjennom dette samarbeidet etablert ei ordning med first responders, seier Uglenes. Det betyr at dersom ambulansen er oppteken på ei anna utrykking eller oppdrag, vil ein kalla inn brannmannskap som har godkjenning til å føra beredskapsbilen som står på Storholmen. Dei har òg grunnleggjande trening i fyrstehjelp.

– Etter måten har me få raude oppdrag. I fjor hadde me 165 hasteoppdrag, og det var samtidskonfliktar i om lag ti av dei, konstaterer Uglenes. Kommuneoverlegen poengterer at legane i kommunen prioriterer det akuttmedisinske arbeidet høgt, og at det i motsetnad til ei rekkje andre kommunar i nærområda alltid er ein lege som rykkjer ut om dei får ei melding som tilseier det.

 

God ordning

Hos Helse Bergen meiner avdelingsoverlege på Akuttmedisinsk avdeling, Guttorm Brattebø, at Austevoll og avdelinga hans har funne ein god form på samarbeidet.

– Det vil alltid kunna oppstå samtidskonfliktar, men noko av det me har lært av hendinga på Barmen er å avgrensa bruken til båten, seier Brattebø. Det er AMK-sentralen som bestemmer om båten trengst ved ulukker, brannar eller andre hendingar i nærområda våre.

Brattebø poengterer at det etter måten er få samtidskonfliktar med tenestene i Austevoll, og at kommunen har ei god løysing med first responders-ordninga si.

– Samstundes skal ein ikkje ha for store krav til kva brannmannskapa med fyrstehjelpskurs kan utretta. Når Austevoll sender legevaktslege ut dit hendinga er, vil det akuttmedisinske tilbodet vera raskare på plass enn veldig mange andre stadar i regionen vår, uttalar avdelingsoverlegen.

Kommuneoverlege Uglenes synest òg at ordninga med first responders gjev dei ekstra kraft i krevjande situasjonar der ein treng fleire ambulansar, som til dømes alvorlege ulukker. Luftambulansen kan ein berre sjå på som ein ekstraressurs, som ein delar med ein heil region, og som i tillegg kan verta forhindra av ugunstige vêrtilhøve.

Attende på Barmen står Jan Nergaard og reflekterer over tapet som råka dottera og barnebarna.

– Ambulansestasjonen må vera bemanna til ei kvar tid! er bønna hans. Med i utrekninga bør det òg vera kor mykje ekstrakapasitet som trengst når øyane fløymer over av gjestar til hytter og hamner, synest han.