mai 202016
 
Elevane på Selbjørn skule med Ottomonster-bøker - eigen oversetting og originalverket.

Elevane på Selbjørn skule med Ottomonster-bøker – eigen oversetting og originalverket.

Det er ikkje kvar dag ein vel å oversetja ei bok i frå norsk til engelsk. Elevane på sjuandetrinnet på Selbjørn skule gjorde dette, og fekk etterpå skryt frå forfattar Jon Ewo.

 

– Då eg fekk tilsendt boka de hadde oversett, fann eg ut at eg måtte senda den vidare til forfattaren av boka, Jon Ewo – og han skutterte med fine ord tilbake, fortalde Marsteinen sin redaktør til klassen, før han leste opp helsinga i frå forfatteren.

– Hugs at de har forgylt dagen til Jon Ewo, det er ikkje kvar dag ein får skryt i frå eit slikt hald.

Kjekk og lærerik prosess

Sjuandeklassingen på fremste rad, Isak Berntsen, fortalde at det var læraren deira, Thomas Johnson som valde at dei skulle ta for seg boka Otto monster vil også bli syk av Jon Ewo. Dei fekk utdelt eit ark med teksten den enkelte eleven skulle oversettja.

– Me gjorde jobben i heimelekse, i staden for å øva på gloser! gliste Johannes Hanøy.

– A-ha! Smart lærar! svarte redaktøren lurt.

Thomas Johnson tok oss med inn i prosessen, og fortalde at det ikkje berre var enkelt å oversetja tekstar frå eit språk til eit anna.

– Dei vart freista til å bruka oversettjingsprogrammet google translate, men fann fort ut at det ikkje var så lurt. Der vert eit og eit ord oversett, og elevane skjønte fort at det var betre å tenka meir på setningsoppbygginga, og å bruka ord dei allereie kunne. Dei vart oppmuntra til å føla seg frie – så lenge dei stod igjen med den same meininga og stemninga som originalen så var det heilt innanfor. Ved å bruka ord ein allereie kunne vart teksten meir levande.

– Det var mange ord som var vanskelig å oversetja riktig, meinte Kasper Hevrøy.

Faksimile av orginalverket.

Faksimile av orginalverket.

 

Retta kvarandre sine tekstar

Elevane fekk òg i oppgåve å kopiera bileta i frå boka.

– Det var det kjekkaste av alt, smilte Nikolas R. Kolbeinsvik, medan Malin Lunde nikka einig. Teikngane fall i god jord hos Jon Ewo, som synst det var morosamt å sjå dei forskjellige kunstverka. Han meinte det såg ut som at elevane hadde hatt det skikkelig gøy då dei lagde boka, kanskje like gøy som han sjølv hadde det då han opprinnelig skreiv den.

– Kva var det aller vanskeligaste de måtte gjera? lurte Hagenes på.

– Det var veldig vanskelig å finna passande namn til karakterane i boka, sa Linnea Fagerbakke medan ho rynka på nasa og viste til det norske namnet Doktor død og pølse.

Etter at kvar enkelt hadde gjort si oppgåve, retta dei kvarandre sine tekstar, og det synest Hans Olav Vågen var lærerikt og kjekt.

– Me gjorde rettinga som gruppearbeid, der namna var teken vekk frå dei forskjellige arka, slik at ingen visste kven sin tekst dei retta, sa Johnson.

Læraren fortalte at dei var innom fleire tankar på vegen:

– Dei starta med å seia at dette går ikkje, men så merka dei at dei fekk det til, og då avslutta dei med å seia at dette var gøy!

– Etter at me sendte arbeidet vårt til Thomas på Itslearning så sende han det vidare til både ordføraren, rådmannen og avisa, det var kjekt, sa Frida Kalvenes stolt. Og stolt kan dei vera av det ferdige produktet, som Ewo beskreiv som både morosamt, rørande og fint å sjå – slikt som forgyller dagen.

Av Maria Vassnes