mai 232016
 
klatring

Klatrestativet som er reist på Storebø skule er utsett for skadeverk – som kunne ha vore farleg for elevane.

 

Førre veke vart det oppdaga at nokon har prøvd å skjæra over nokre av taua i det nye klatrestativet ved Storebø skule. Både rektor Bjørn Kristian Bjånesøy og politiet i Austevoll er særs skuffa over at nokon kan finna på å gjera noko slikt.

– Det er blitt investert så mykje pengar i å skaffa leikeapparat for ungane. Det er forferdelig trist at nokon ynskjer å øydelegga klatrestativet, seier ein opprørt rektor Bjånesøy.

Kommunen investerer totalt 5 millionar kroner i uteområdet, og i tillegg til denne hendinga har det òg vore litt trøbbel ved bruk av den nye karusellen. Bjånesøy fortel at han trur det er nokre ungar som har tulla seg, og at han håpar dei tek til fornuft og forstår at ein ikkje skal helda på slik. Klatrestativet, som er fire-fem meter høgt kan framleis brukast, men du ser klårt og tydeleg at det har vore eit forsøk på å kutta over taua.

– Eg håpar at folk vil bruka apparatet med fornuft framover, og ikkje herja med det, seier han avsluttingsvis.

 

Reaksjonar på Facebook

Etter at politiet la ut hendinga på Facebook-sida si, har det vorte mange reaksjonar. Fleire har uttalt seg om at dei tykkjer det heile er veldig trist. Også lensmannskontoret uttrykkjer uro.

– Ramponering og herverk på eit klatrestativ er utruleg dumt, for dersom det faktisk ryk noko, kan barn detta ned og verkeleg slå seg, og det kan vera farleg. Me veit ikkje kven som står bak, men me regnar ikkje med at det er vaksne folk som gjer noko slik. Ein av effektane ved å leggja det ut på sosiale mediar er at dei som har gjort det då kan skjønna at folk faktisk blir sinte, og at dei dermed ikkje gjer det fleire gongar. Hensikta er at det ikkje skal gjenta seg, seier lensmann Per Nordstrand til lokalavisa.

 

Av: Ida Camilla Jarnes