mai 272016
 

Kvart år deler Austevoll kommune ut kulturmidlar til lag og organisasjonar. Kommunestyret bevilga i budsjett for 2016 kr 300 000 til kulturmidlar, og då formannskapet hadde møte torsdag vart desse pengane fordelt.

Kriteria for å søkja om kulturmidlar (vedteke i utval for oppvekst og kultur 11.02.2014):

– Tilbodet må vera tilgjengeleg for alle

­– Tilbod til barn og ungdom, funksjonshemma, psykisk utviklingshemma og eldre vert prioritert.

– Tilskotet kan nyttast til ordinær drift eller prosjekt.

– Aktivitet/idrettstilbod skal bidra til at kommunen vert ein god stad å bu.

 

På møtet med formannskapet var alle partia samde om fordelinga,og det var mange nøgde mottakarar av tilskot torsdags kvelden. Fleire av velforeiningane skal nytta pengane til ordninær drift, korpset KDV – som no er det einaste korpset for barn i kommunen kan handla fleire nye instrument, og dei dansande seniorane i Austevoll seniordans kan no oppgradera CD-spelaren dei har nytta på danseøvingane dei siste åra til noko meir moderne.

 

Fullstendig liste over lag/organisasjonar som fekk utdelt tilskot:

Fullstendig oversikt over lag/organisasjonane som har fått utdelt tilskot: