jun 022016
 
Ein syrisk familie går langs grusvegen i Sid i Serbia på jakt etter eit betre tilvære. Illustrasjonsfoto: Ana Silva/Getty Images

Ein syrisk familie går langs grusvegen i Sid i Serbia på jakt etter eit betre tilvære. Illustrasjonsfoto: Ana Silva/Getty Images

 

Denne månaden kan austevollingane ynskja årets fyrste flyktningar velkomen til kommunen.

 

– Me er veldig spente på å ta i mot dei fyrste flyktningane i midten av juni, seier flyktningkoordinator Isabell Karin Tøkje. Ho har ansvaret for flyktningane som bur i kommunen, og starta i stillinga i starten av april i år. Tidlegare har ho arbeidd som jordmor på kvinneklinikken.

 

Må knekka kodar i samfunnet

Kommunen har sagt ja til å ta i mot inntil 20 flyktningar dette året, men i fyrste omgang er det to familiar som skal busetja seg på øyane. Begge familiane inneheld mor og far i tjueåra og eit ungt barn. Alle kjem frå Syria. Tre av personane er båtflyktningar.

– Dei kjem i frå eit mottak ein anna stad i landet, og skal i fyrste omgang bu på Horgetun på Selbjørn, og ungane skal gå i barnehage i nærleiken. Foreldra skal byrja på norskkurs i august, noko som er eit krav for flyktningar for å få starta i jobb seinare, fortel Tøkje.

Resten av saka kan du lesa her eller på papir i dag.