jun 032016
 

Austevoll Seafood-eige Lerøy Seafood Group kjøper 64 prosent av Havfisk og 74 prosent i Norway Seafood av Kjell Inge Røkkes Aker. Sjømataksjane kostar Lerøy 3,2 milliardar kroner, opplyser Dagens næringsliv.

 

– Desse erverva vil i vesentleg grad styrka Lerøys posisjon innan det europeiske kvitfisk-segmentet og sikrar eigarskap og tilgang til meir enn 100 000 tonn råmaterial av kvitfisk, heiter det i ei børsmelding fra Lerøy.