jun 092016
 
Jonas Gahr Store meiner at oppdrettssektoren må veksa vidare, men utan at det går utover villaksen og miljøet. Anja Heggholmen og Ruth Grung var òg med på besøket hos Troland lakseoppdrett.

Jonas Gahr Store meiner at oppdrettssektoren må veksa vidare, men utan at det går utover villaksen og miljøet. Anja Heggholmen og Ruth Grung var òg med på besøket hos Troland lakseoppdrett.

Arbeidarpartiets Jonas Gahr Støre meiner at oppdrettsnæringa må veksa vidare, men at ho samstundes ikkje må gløyma kor stamfaren kom frå.

 

Laks står tidt og ofte på menyen for Arbeidarpartiet sin leiar Jonas Gahr Støre. I går fekk han høve til å besøkja familieselskapet Troland lakseoppdrett og få attendemeldingar om kor skoen trykkjer i forvaltninga av næringa. For landets største parti er vegen vidare klar.

– Oppdrett skal veksa. Likevel må det skje innanfor berekraftige rammer, sa Gahr Støre til lokalavisa. Han viste vidare til at næringa har fått kontroll på ei rekkje utfordringar, og at dei i dag produserer eit fantastisk og høgt skatta produkt. Då toppolitikaren gifta seg i 1988 stod laks på menyen, og sidan den gongen har den sølvglinsande fisken gått til å erstatta spagettien i mang ein heim.

– Verken næringa eller oss politikarar må gløyma røtene til oppdrettslaksen. Stamfaren, villaksen, må me ta vare på, sa Gahr Støre. Han understreka at Noreg er moralsk forplikta til å forvalta villaksen og økosystema i havet og fjordane, men konkretiserte òg at det vil vera særs ugunstig for omdømmet til oppdrettsnæringa dersom ein ikkje klarar å ta vare på det eksklusive opphavet til oppdrettseventyret.

Resten av saka kan du lesa på papir eller PDF.

Av Trond Hagenes