jun 092016
 

 

Administrerande direktør Hans Runshaug og salssjef Jan Henning Legreid hos Austevoll Marine Group på eit av selskapet sine nybygg i Sagvåg.

Administrerande direktør Hans Runshaug og salssjef Jan Henning Legreid hos Austevoll Marine Group på eit av selskapet sine nybygg i Sagvåg.

Servicebåtar til oppdrettsnæringa er eit av hovudsatsingsfelta til Austevoll Marine Group. Ved kjøp av verft i Sagvåg kan dei lettare byggja selskapet sin eigen kompetanse.

Det aular av aktivitet på verftsområdet i Sagvåg på Stord. Austevoll Marine Group, AMG, har etablert seg på restane av konkursboet til Norstec, og det vesle verftsområdet passar som hand i hanske for det austevollseigde selskapet.

– Me har vore på jakt etter eit verft her heime i lang tid. No kan me ikkje berre ha betre kontroll på produksjon og dokumentasjon sjølve, men òg sikra oss ettermarknaden og vedlikehald, seier salsjef Jan Henning Legreid i AMG til Marsteinen.

Les meir om denne saka i avisa i dag.