jun 162016
 
Anne og Edvard skal servera snøkrabbe fiska av Br.Birkeland

Anne og Edvard skal servera snøkrabbe fiska av Br.Birkeland

 

Dei skal presentera lokal mat på hagefesten til kongeparet. Anne Hauge har enno ikkje bestemt seg for kor mykje ho tør å fortelja når ho skal prata med dei kongelege vertane.

 

I høve Kongeparet si markering som regent av trona i 25 år inviterer Kongen og Dronninga til hagefest på Gamlehaugen i slutten av månaden. Rundt 350 gjestar er inviterte, og Anne Hauge og Edvard Blåsternes i frå bedrifta Heimalaga er to av dei som skal laga mat.

 

Vert erta av dottera

Det er god stemning bak disken på Storebø. Anne arbeider saman med dottera si, Monika, som ertar henne før det komande oppdraget.

– Eg har vel ein tendens til å aldri ta meg tid til dopausar på jobb, og det resulterer jo i at eg ofte går rundt tissetrengt. Monika er oppteken av at eg ikkje kan vera tissetrengt når eg skal treffa Kongeparet, ler mor Hauge, medan ho kikkar på Edvard som nyleg har starta i firmaet deira.

– Me er utruleg glade for å ha Edvard med på laget vårt. Han har jobba hos oss ein dag i veka dei siste tre månadane, og no har han signert ei opplæringskontrakt på fem år. Då arbeider han fyrst fire år før han kan ta ein kompetanseprøve, og deretter tek han eitt år til før han tek fagbrev som praksiskandidat. Det er eit fint opplegg som gjer at han ikkje treng ta dei vanlege allmennfaga, men konsentrerer seg berre om kokkefaget, fortel Hauge.

Edvard trivst godt allereie, og er glad for at han får ta utdanninga si gjennom Heimalaga. Austevollbedrifta har planar om å knyta seg opp mot andre bedrifter, slik at han får oppleva fleire ting enn å stå på kjøkkenet på Storebøportalen.

Resten av saka får du her.