jun 162016
 
Mange tusen år gamal trestamme frå hjarta av Storebø. Foto: Storebø skule.

Mange tusen år gamal trestamme frå hjarta av Storebø. Foto: Storebø skule.

Den 11. november 2015 var gravemaskina i full gang med å grava djupt ned i  ei myr på Storebøportalen. Då gravde gravemaskinføraren plutseleg fram eit tre som låg 3-4 meter ned i myra. Den same dagen såg læraren vår, Gerd Nestås Olsen dette. Ho fortalde dette til den andre læraren  vår, Julie Eide Solbakken. Dei to lærarane, som var veldig ivrige  og interesserte,  bestemte seg for å ta elevane i 6. trinn på Storebø skule med seg for å sjå på dette treet. Det var veldig spennande med dette treet som såg så gammalt ut og sikkert hadde lege lenge i ei myr. Nokre dagar etterpå kom Tony Storebø, som ville passe på treet inntil vidare, til oss på skulen. Han sendte då ein prøve til NTNU i Trondheim for å finna ut kor gamalt det var. I mellomtida hadde Tony fiksa klassen ei treskive som klassen skulle ta vare på, og det var kjempetungt og digert. Ein dag talde tre elevar årringane til treet.

Då fann dei ut at det var 40 centimeter frå kanten av treet og til midten, og det var 1000 årringar per tiande centimeter, då blei det ca 4000 årringar.

Endeleg var dagen då 6.trinn fikk veta kor gammalt treet var. Alle satt spente og venta på svaret, og det døydde i myra for ca 3700 år sidan.

No har treskiva tørka etter ein veldig lang tørkeperiode. Det har sprukke nokre plassar, men det vert sett opp i ei utstliing på det nye mediateket på skulen. Me vil ta vare på det gamle «urtreet».

Elevar ved funn staden til urtreeet.

Elevar ved funn staden til urtreeet.

 

Skrive av: elevar på 6. trinn Storebø skule, Karoline Ringdal og Noah Møgster Heggestad.