jun 172016
 
Etter 35 år i teneste for Austevoll kommune har Sverre Rørtveit rydda kontoret sitt i Bekkjarvik. Ho ventar ein raud husvegg på måling.

Etter 35 år i teneste for Austevoll kommune har Sverre Rørtveit rydda kontoret sitt i Bekkjarvik. Ho ventar ein raud husvegg på måling.

Han byrja som distriktslege i Austevoll i 1981, og var avhenging av skyssbåt til å komma seg kring på mange av øyane. 35 år seinare har Sverre Rørtveit i dag siste dagen sin på jobb, og går av med pensjon.

– Som lege vert ein grådig glad i pasientane sine. Dei lærer deg om livet, både i gode og vonde dagar, for å seia det med presten. Vonleg fører det òg til at pasientane sin livsvisdom kan hjelpa legen når han står overfor eigne utfordringar, seier Rørtveit som blir pensjonist klokka 15:00.

Han har opplevd store endringar på arbeidsplassen, spesielt har talet på legar auka frå to til seks. I starten hadde dei legevakt på deling med Tysnes, noko som krevde ein enorm glød for jobben, som legen medgjev at han alltid har hatt. I dag er dei seks legar i kommunen, har to ambulanser, stor ambulansebåt og ein veldig høg kvalitet på mannskapa, konstaterer han.

Store planar har enno ikkje utkrystallisert seg for dr. Rørtveit.

– Eg har ein husvegg som ventar på å målast. Eg har ein plen som skal klyppast når det kjem regn – og ikkje minst har eg fire barnebarn i alderen eitt til fem som eg skal nytta tida mi på, avsluttar kommunelege Sverre Rørtveit.

Du kan lesa eit meir utfyllande intervju i avisa neste veke.
Av Trond Hagenes