jun 232016
 
Bt: Nystrigla løpebane, flett ny kunstgrasbane, tribunar og fasilitetar. Ordføraren klyps snora for den nye tida i Austevoll idrettsklubb.

Nystrigla løpebane, flett ny kunstgrasbane, tribunar og fasilitetar. Ordføraren klyps snora for den nye tida i Austevoll idrettsklubb.

Endeleg var dagen komen. Fersk måling på friidrettsbanen, ei plan og fin kunstgrasmatte og 250 sprudlande barn i tvekamp med snorklyppar Morten Storebø. I går starta ei ny tid for AIK.

 

250 barn har teke vegen frå skulebenken til fotballbanen på årets fyrste sommarferiedag. Ordførar Morten Storebø trippar òg rundt, utan slips og blåskjorte, men med uvanleg sportsleg habitt. Saman med skulebarna skal han straks klyppa snora og leggja i veg dei 400 metrane rundt den ovale herlegdomen.

Folkehelsekoordinator Regina Njåstad Vestrheim får samla alle deltakarane av fotballskulen på den nystøypte tribunen – med tak må vita. Det er utstrekking og oppsummering av fotballskulen som står på menyen for unge Joachim Lund Sivertsen, som fyller sju år om ikkje mange månadane.

– Det er gøy på fotballskule – og eg elskar jo fotball, seier han energisk. Dei har òg lært seg fleire berebjelkar i gode sportshaldningar. Mellom anna skal ein verken banna, juksa eller klaga på motstandaren.

– Å eg gler meg så sjukt mykje til mamma får sjå avisa, seier den unge hundvåkaren, og listar opp dei to andre gongane han har vore å sjå på trykk.

Kompis Magnus Blix frå Selbjørn er òg samd med dette om dei gode haldningane.

 

Magnus Blix og Joachim Lund Sivertsen på fotballskule på ny grasmatte.

Magnus Blix og Joachim Lund Sivertsen på fotballskule på ny grasmatte.

Mohnpengar

Fotballkrinsen sin utsending Knut Berge skryt av oransjetrøyene og arbeidet dei har lagt ned med å kvalitetssikra arbeidet sitt.

– Austevoll idrettsklubb har oppfylt er rekkje kriterium knytt til kompetanse, struktur og kvalitetssikring. Dei var blant dei aller fyrste klubbane som fekk kvalitetsklubbstempelet av NFF her i Hordaland, seier krinsen sin daglege leiar til Marsteinen. I tala si til dei frammøtte la han òg vekt på Trond Mohn sine bidrag til Hordalandsfotballen og la opp til ein applaus for filantropen sitt bidrag òg til AIK sitt anlegg. Lokalt næringsliv med Laco i brodden er naturlegvis ikkje mindre viktige for realiseringa av idrettsanlegget.

Ein av klubben sine eigne eldsjeler, Gunnar Heimark, fortalde på si side om dugnadar på 1970-talet då plukking av stein var ein del av arbeidet som måtte til for å få grasbanen på plass i si tid. Eit knapt tiår seinare, i 1984, låg løpebanen klar. I mellomtida var grasbanen i ferd med å verta dårleg, og sjølv ikkje fleire tonn elvesand frå Etne var nok til å berga gode forhold til fotballspelande austevollingar.

A-lagstrenar Stig Storebø fekk saman med dagleg leiar Anne Berith Drønen helda snora for ordføraren like før alle dundra i veg kring det nystrigla anlegget.

– No får me jo dobla høve til aktivitet når det vert lagt nytt dekke ved den andre banen òg, konstaterte eldsjela. Det skal i fylgje Olav Jarnes i Austevoll kommune stå ferdig allereie i løpet av september.

Og snorklypparen? Han kom heseblesande i mål, litt raudare i maska enn då han la i veg.

– Det var lett å seia ja til invitasjonen, men noko lett oppgåve var det slett ikkje å halda fylgje austevollungdommen, smilte han etter vel utført oppdrag.

Av Trond Hagenes