jun 302016
 

”H. Østervold” med eit kast frå den siste veka. I går var det berre eitt kast som var utført då lokalavisa gjekk i trykken. Foto: Olav Endre Drønen.

 

”H. Østervold” og dei andre austevollingane på nordsjøsilda opplever fin prisoppgang, samanlikna med fjoråret.

 

Så langt i sesongen får fiskarane betalt heile 1,61 kroner meir per kilo samanlikna med 2015. 6,33 kroner er det som snittet har vore så langt i år med 459 275 tonn som totalvolum.

Skipper Knut Inge Østervold på ”H. Østervold” fortel om lite fisk å sjå, og at dei i går berre hadde klart eitt kast, som dei var i ferd med å kava opp på sida då Marsteinen var på telefonen. Noko teori om kvifor det er få og små dottar å sjå, vil Østervold ikkje presentera. Fangst vonar han likevel på.

– Me har 150 tonn att av den norske minimumskvota, som me stressar litt for å få teke no, seier skipperen. Han legg til at kvota i EU-sonen er noko dei planlegg å ta til hausten.

 

Gode prisar

Salsleiar Kenneth Garvik i Sildelaget fortel at marknaden allereie på hausten i fjor viste teikn til større etterspurnad, og at valutasituasjonen naturlegvis òg spelar positiv inn.

Skipper om bord i ”Hardhaus”, Ole Inge Møgster, fortel til lokalavisa at dei saman med Halstensen-båtane har nytta trål i nordsjøsildefiskeria i år, med godt hell ettersom det berre er mindre flekkar av den sørlege silda å sjå.

– I staden for å kasta på ein flekk å få 15 tonn på nokre timar, kan du tråla gjennom tio fellka og få opp 150 tonn, poengterer Møgster.

– Tråling på nordsjøsild er ikkje nytt for oss, men nytt i dette området og på denne tida. Det har vore tabu å tråla matjessilda grunna strenge krav til kvalitet. Dette har vist seg å vera ein myte som er blitt tilbakevist. Kvaliteten har vore svært god når me tek korte hal med moderate kvantum, avsluttar Møgster.

 

Av  TrH