jul 072016
 

Kulturhus der kommunehuset står i dag? Illustrasjon: Tippetue arkitekter.

 

Helge Møgster meiner at kommunesenteret kan utviklast endå vidare etter at symjeanlegget er på plass, og spinn vidare på ein akse mellom skule og Hippakaien.

 

– Me kan ikkje investera nok i oppveksten til barn og ungdom, seier Helge Møgster. I desse dagar ventar han utålmodig på at kommunen får inn anboda på symjeanlegget som er utlyst på Storebø, og om han gjennom Laco-systemet særs gjerne vil bidra økonomisk til. Atterhaldet er likevel særs klart.

– Me gjev ikkje pengar til eit symjebygg som ser stygt ut, seier han med klar adresse til nokre av teikningane som er lagt i bordet. Næringslivsmannen poengterer at symjebassenget er neste trinn i ei positiv utvikling ein har sett over store delar av kommunen, med nye skulebygg, idrettsanlegg som er bygde og rehabiliterte både i sør og nord på øyane.

Les heile saka på PDF.