jul 072016
 

Éolie, yngst i familien Bergeron-Dalseide, kosar seg på dissa utanfor huset, teikna av mamma og bygd av pappa.

Omkransa av natur bur familien Bergeron-Dalseide midt i hjarta av Bekkjarvik. Huset har dei teikna og bygd sjølve, med miljøpåverknad sentralt i tankesettet.

 

Utanfor stovevindauga dirrar ospelauva i det svale vinddraget, og i dei kvite bjørkegreinene held eirgrøne blad sommarfest. Arkitekt Melanie Bergeron trivst med naturen tett på seg. Buskar, tre og blåbærlyng omkransar huset ho og ektemannen Jan Roger har reist i fellesskap.

– Fyrst kjem landskapet og tomta, så tilpassar eg huset etter det, seier Melanie, som særs gjerne vert med på prosessen til kundane før entreprenørane slepp til. Då vert det endå lettare å skreddarsy huset, ta vare på kvalitetar i tomten, utan at han treng å vera planert ut i 360 grader.

Heile saka får du på PDF.