jul 142016
 

Fire nye el-bilar prydar parkeringsplassen til Bekkjarvik Gjestgiveri. Desse kan både båtturistar, hyttefolk og øybuarane nytta seg av.

Både Bekkjarvik Gjestgiveri og Visit Austevoll lever og andar for turistane og lokalbefolkninga på øyane. Mykje ligg til rette for fine dagar i kommunen, men dei har ofte fått spørsmål om moglegheita for å leiga ein bil medan ein oppheld seg her. Dette bestemte dei seg for å gjera noko med, og onsdag føremiddag fekk dei levert fire el-bilar av typen Renault twizy, som no alle som ynskjer kan få leiga.

 Positivt
– To av bilane høyrer til Bekkjarvik Gjestgiveri, ein har Visit Austevoll kjøpt, medan den siste kan folk få moglegheita til å kjøpa seg inn i, om nokon ynskjer det, fortel Anne Gro Gjerde frå Visit Austevoll, medan ho beundrar dei nye glisa som står fint parkert på tunet.
– Me må vel prøvekøyra dei? smiler kjøkkensjef Arnt Johannessen. Anne Gro set seg inn i baksetet medan kokken er sjåfør. Journalisten får òg vera med på tur, med Visit Austevoll-representant Marius Løbø Fimland bak rattet. Det er nemleg plass til to personar i bilen som ein må vera 18 år og ha billappen for å køyra.
– Bilen har ei maksfart på om lag 50 kilometer i timen, fortel Arnt, og legg til at utleigeprisen vert på 290 kroner per time, der ein maks kan leiga bilane i tre timar i strekk.
Resepsjonist Trond Taule fortel at dei allereie har fått tre bookingar på bilane denne dagen.
– Til og med før bilane var levert viste folk interesse, det er veldig kjekt, seier han ivrig.
Sjølv om bilane har forskjellige eigarar så er det Gjestgiveriet som kjem til å stå for utleiga, og det er dei ein må venda seg til om ein lurer på noko angåande bilane eller leigetilbodet.
– Der er det stort sett døgnopent, så det er veldig greitt, skyt Løbø Fimland inn.
Anne Gro seier at det kan vera ein stor fordel for dei som bur fast i kommunen òg, å ha høve til å leiga seg ein bil i ny og ne.
– Ein merkar det jo sjølv, plutseleg står ein utan bil ein dag, då er det fint å rusla til Bekkjarvik for å låna seg ein bil nokre timar. At båtturistane som kjem i frå mange forskjellige stadar i landet har høve til å ta seg ein køyretur og oppleva meir enn berre Bekkjarvik er veldig positivt, uttalar den blide dama.
Asta Johannessen er òg nøgd med den nye idéen som dei no kan tilby hotellgjestane og andre kundar.
– Det er kjempefint å ha moglegheita til å enkelt koma seg til alle dei flotte turområda me har her i Austevoll, seier ho avslutningsvis.

Marius Løbø Fimland, Anne Gro Gjerde og Arnt Johannessen prøvekøyrer dei nye bilane.

Marius Løbø Fimland, Anne Gro Gjerde og Arnt Johannessen prøvekøyrer dei nye bilane.

 

Av Maria Vassnes