jul 142016
 
"Marcus"

«Marcus»

 

Reiar i Dalseide Shipping, Tore Dalseide, er nøgd med den nye avlusningslektaren han omtalar som eit teknologisk vidunder. Den nyutvikla avlusningsflåten skal fjerne lakselus skånsamt og effektivt utan kjemikaliar.

Den nye høgteknologiske avlusningslektaren ”Marcus” vart nyleg døypt ved Vard Aukra, av gudmor Berit Dalseide.
– Marine Harvest, som skal drifta og bruka flåten er oppteken av å motarbeida lusa utan medikament, og ved den nye lekteren er alt planlagt frå A til Å, det er eit utruleg kjekt prosjekt i kampen mot lakselusa! påpeikar eigar Tore Dalseide.
– Det er nyvinning og innovasjon, og det mest ultimate produktet ein kan få på det området det skal brukast på.

Kan avlusa 400 tonn laks i timen

Lektaren er i sin heilskap bygd på Aukra, og er den mest avanserte lektaren vertftet Vard Aukra har levert etter at dei starta ein omstillingsprosess frå offshore- til akvakulturmarknaden i fjor. Verftsdirektøren, Hans Gunnar Hansen, ser no store moglegheiter for framtida. Framover skal dei satse på bygging av brønnbåtar, fôrflåtar og servicefartøy. Vard Aukra skreiv si fyrste avtale i fjor, med Marine Harvest Nord, som er verdas største lakseoppdrettsaktør.

 

Les saka i sin heilhet i avis eller på PDF

 

Gudmor Berit Dalseide. Foto Brunes.

Gudmor Berit Dalseide. Foto Brunes.

 

Av Maria Vassnes