jul 252016
 

Bt3_40ståemde

Kjetil Bjørgo Helgesen og naboane har sett seg lei av råkøyringa langs Krokeidevegen og har difor tatt nokre grep for å gjera noko med det.

Kjetil Bjørgo Helgesen er født og oppvaksen langs Krokeidevegen og har opplevd trafikkbilete her gjennom heile livet. No bur han rett ovanfor der 40- sona byrjar og sluttar. Her har han fri sikt til hovudvegen og synet som stadig møter han oftare er sjokkerande.
– Nabo, John Jensen måtte ein gong kaste seg over panseret på sin eigen bil, då det oppstod ein særs stygg forbikøyring av ein person som var lei av personbilen framfor som valte å følgje fartsgrensa på 40 kilometer i timen, fortel Kjetil oppgitt. Og slike tilfeller har ikkje berre vore eingongshendingar, dette er noko dei stadig ser oftare til. Til dømes hadde dei ein episode her med ein som måtte svinga seg inn i busslomma og opp på fortauet for å berga seg sjølv. Jon Jensen fortel også om situasjonar der dei har blinklyset på i god tid og skal inn til eigedommane, for så å verta køyrt forbi av bilar som har for stor fart til å stoppa.
– For fire år sidan hadde me jo og ei hending der ein bil køyrte over den andre, det er heilt ville tilstandar her og det er vanskeleg å sjå for seg, meiner John. Kjetil og John saman med blant anna velforeninga er no bekymra.
– Eg har eit barn som snart skal byrja i andre klasse, då skal ho bruka denne vegen som skuleveg og det går ikkje slik som det er no, konstanterer Kjetil. Råkøyringa skjer nemleg til alle døgers tider. Morgon, dag og natt. Opp i all denne frustrasjonen såg Kjetil ein dag seg lei. Han fann ut at det ikkje var noko hjelp i å stå og notera bilnummer og knytta neve. Det var då idéen kom om å oppretta ei facebookside.

 

Les resten av saka på PDF