jul 252016
 

flyktningframside

Tidlegare budde dei i Aleppo, byen som no vert omtala som verdas farligaste stad å bu. I heimbyen var dei vane med å vandra i gater med større befolkning enn i heile Austevoll. Å bu i Bekkjarvik er ein stor kontrast til deira tidlegare kvardag.

Allereie før me har trykka på dørklokka står den vesle familien klar i gangen. Dei tek i mot oss med opne armar og store smil. Ei av oss kjenner dei frå før, flyktningskoordinator Isabell Tøkje.
– Kom inn, kom inn, seier mor i huset, Noura Alhoussain (24), på engelsk. Familien på tre kom direkte frå eit midlertidig flyktningmottak, og har ikkje fått moglegheita til å gå på norskkurs enda, men Noura er stødig i engelsk, og oversett ektemannen Mohamad Sabbagh sine arabiske ord, slik at alle kan kommunisera saman.

Fin velkomst
– Broom, brroom. Billydar frå barnemunn fyller den koselege stova på Selbjørn. Vesle Jude (2) elskar å leike med bilar, og har fått fleire leikar frå givarglade austevollingar.
– Alle har vore veldig gåvmilde, og når eg har spurt om å få noko til familiane så har eg som regel fått det. Nordmenn har leikar og klede i overflod, og likar å få gje til folk som treng det. I fleire tilfelle har ungar i Austevoll gått på romma sine sjølve for å velja ut leikar som flyktningfamiliane har fått, fortel flyktningskoordiatoren.
Me rekk nesten ikkje å setja oss ned før Noura tilbyr oss både mat og drikke. Journalisten, som sjølv ved eit tidlegare høve budde hos ein familie i Syria vert fort minna på korleis kulturen og menneska i Syria er; utruleg gjestfrie. Dei som har minst deler mest, og får du servert mat er det stoltheita det går ut over om du takkar nei.
Ekteparet fortel at dei trivst i Austevoll, men at det er ein stor tilvenning å busetja seg i ein så liten kommune.
– Det fyrste Jude spurte om når me kom ut her var kor alle bilane var, ler Mohamad.
I Aleppo, som er den største byen i Syria, bur det kring 2,3 millionar menneske, og på ein spasertur var det vanleg for familien å treffa mange tusen personar.
– No er det ikkje alltid me ser folk om me går på tur, det er veldig uvant.
Sjølv om dei har treft få folk, har menneska dei har treft teke godt i mot dei.
– Alle er veldig snille og blide, og fleire helser på oss når me treffer dei på butikken. Me har veldig lyst til å få oss vener her ute, og ynskjer å gje folk eit godt inntrykk av flyktningar generelt. Me føler oss veldig heldige, me kan no gå utanfor døra og vera trygge, det er det mange som ikkje kan, sukkar ekteparet.

 

Les heile saka i avis eller på PDF