jul 292016
 

­

– Publikum kan forventa seg ein opplagd og spelekåt gjeng i Bekkjarvik, seier komponist av melodien til blant andre songane Tir´na Noir, Månemannen og Kim du nå va, Øyvind Staveland til Marsteinen i førekant av konserten.

I dag, fredag, er det klart for Bekkjarvik Gjestgiveri sin årlege sommarkonsert. I år er det Haugesundsbandet Vamp som skal fylla Bekkjarvik hamn med mjuke tonar. Arrangørane, som gler seg til å nok ein gang ynskja Vamp velkomen til kommunen, oppmodar folk til å ta turen, gjerne med båt – for ei fin konsertoppleving. Dei legg til at det er fyrste mann til mølla for å få båtplass, og at berre låge båtar får ligga innanfor skjæret, slik at alle publikumarar skal få god sikt.

Det suksessrike bandet, som til no har gitt ut ni studioalbum, fått ti gullplater, tre platinaplater, to trippelplatina og fem Spellemannsprisar, gler seg til å vitja øyane igjen.
­– Me kjem til Austevoll fordi me har gode opplevingar derfrå frå tidlegare konsertar, seier Øyvind Staveland, som var ein av initiativtakarane til bandet som fekk platekontrakt i 1992.
– Det er ein flott stad, og eit supert publikum. Me er jo nesten heime! Legg musikaren til.
Bandet er på farten når dei snakkar med lokalavisa, dei har nemleg konsertar kvar dag på denne tida. Det vert mykje køyring, og dei brukar god tid på rigging før konsertane.
– På programmet har me både nytt og gammalt, sommarleg, lett og spanande, lovar Staveland.
Asta Johannessen ved Bekkjarvik Gjestgiveri ser fram til konserten, og håpar på godt vêr og magisk stemning i hamna.
– Det er sett opp ekstra ferje til Sandvikvåg etter midnatt, og nattbussane køyrer frå Bekkjarvik både til aust og vestsida til Bakkasund.
For å unngå kø ved inngangen oppmodar arrangørane til å kjøpa billett på førehand, enten på billettservice eller Bekkjarvik Gjestgiveri.
– Det er solgt mange billettar, og me gler oss stort. Det vert konsert uansett vêr! Lovar Vamp musikaren til slutt.

 
Av Maria Vassnes