jul 292016
 

 

Førre helg stod Strilajentene sitt årlege sommarmarknad for tur, i år på Stangeland Gjestegard.

Berre nokre få skyer er å skimta på den knallblå himmelen. Vinden pustar ein så vidt i nakken og gjev ein akkurat den avkjølinga ein treng i sommarvarmen. I hagen til Emmanuelle Tieri på Stangeland Gjestegard er det folksamt. Bodar fylte opp med alt mogleg lyser opp hagen. Ved fyrste boden står Gitte Erdal. Heile standen hennar er fylt opp med gamle skattar. Ein vert heilt fascinert, alt i frå knallfarga kaffikanner til måleri er noko av det ho kan by på. Gitte har stor interesse for antikvitetar, dette er noko ho har samla på lenge.

– Mykje av det er arvegods, medan andre ting har eg samla på over tid. Samtidig er eg veldig glad i å gå på marknadar sjølv, og då vert det mykje nytt, så dersom noko skal inn må jo noko anna ut, konstanterer den blide dama som opprinnleg er i frå Danmark. Når ho handlar pleier ho å kjøpa eit stort parti av kvart produkt eller serie, då tek ho noko sjølv og sel resten. Dama som no bur i Samnanger er sjeldan i Austevoll og har berre vore her ved eit høve før.

 

Les heile saka på PDF eller i avis