jul 292016
 

 

For Øyvind Hausberg vart drona redninga når helsa svikta, no ser han fram til å nytta den som hjelpemiddel.

Øyvind Hausberg har lenge hatt interesse for teknologiske ting som flyr i lufta. Før nytta han mindre helikopter, men no er han gått over til eit langt meir avansert hjelpemiddel, nemleg drone.

– Sidan eg har flydd litt slike små minihelikopter før, så visste eg kva det gjekk i, så overgangen var ikkje så stor, men sjølvsagt er det langt meir komplisert og fly ei slik drone, konstanterer han.  Øyvind slit med helsa og det var nettopp av den grunn at han valte å investera i ei flunkande ny drone.

– Eg eig fleire villsauer og sidan helsa sviktar og då spesielt beina såg eg meg nøydde til å finna på noko, forklarar han. Så framfor å springa i skog og mark etter sauene, kan ein nøgd Øyvind no fyka og sjå etter dei, med eit godt høgkvalitetskamera og ei særs stabil drone, er det lite som stoppar Phantom 4 drona hans i å gjera jobben sin.

– Eg slit allereie litt med å gå og ein veit aldri når ein ikkje klarar å gå i det heile lenger, så drona er eit fantastisk hjelpemiddel som eg nyttar mykje, legg han til.

 

Pilotbevis

Når Øyvind Hausberg fyrst skulle nytta drona til eige bruk, valte han å starta eit enkeltmannsføretak i tillegg. På den måten kan han selja tenestene sine og det er noko han håper han får arbeida meir med i framtida.

– Det har ikkje vore så stor pågang til no, men eg er heilt sikker på at me berre vil sjå meir og meir ut av denne typen tenester, trur han.  For å kunna selja tenestene sine treng han nokre tilatingar, forsikringar, samt pilotbevis.

– No har eg alt på stell, men det er har vore mykje papirarbeid og mange søknadar for å koma i mål. Øyvind har Pilotbevis RO1, som gjer at han kan nytta dronar på opp til 2.5 kg, samt med ein fart på 60 knop. Det er mange krav han må følgje og det er mykje å tenkje på. Hausberg er litt bekymra for at folk ikkje er godt nok klar over alle reglane før dei dreg ut med drona og flyr.

 

Les heile saka på PDF eller i avis