jul 292016
 

Br. Birkeland har nyleg kjøpt ein reketrålar i frå Grønland og så fort omregistreringa er i boks ventar overhaling og gjennomgang av det nye fartøyet.

 

Den nye reketrålaren til Br. Birkeland er snart klar for sin fyrste tur i deira eie, etter eit år med planlegging.

– Dette er ein reketrålar som rett og slett er laga for det arbeidet den skal gjera, fortel Arne Birkeland til Marsteinen om den nye skuta deira. Selskapet hadde tidlegare ein fiskerett på ”MS Talbor”, med ei reketråltillating i Barenshavet.

– Den har me ikkje fått utnytta på ringnotbåten og difor fekk me då aktivisert den litt med ”MS Talbor” i fjor. Seinare har me søkt om å få flytta denne rettigheita til ein ny båt, som me no har kjøpt, forklarar han. Før den vert tatt i bruk for fullt, er det ein del som gjenstår.

– Det er ein gamal båt, så me skal oppgradera den litt, samt så skal det tekniske sjåast over på Fitjar i September, informerer han. Allereie i neste veke vil båten vere å sjå ute på kysten, då kompaniet skal ut på ein reketur i Barenshavet, fram til verkstaden er klar til å ta i mot fartøyet.

– Til no har han ikkje vorte brukt, då me er midt oppe i omregistreringa, til det norske registeret, avsluttar han.