aug 042016
 
Foto: via Kripos

Foto: via Kripos

Den 66-årige austevollingen som har vore varetektsfengsla i om lag eitt år, er no tiltalt for overgrep mot 42 norske jenter og 20 filippinske barn. Han vedkjenner delvis straffskuld.

Det er eit år sidan den overgrepssikta vart gripen av politiet i Austevoll, der han hadde budd ei tid hos ein nær slektning. Politiet har sidan etterforska saka både i Noreg og i utlandet, der dette resulterte i pågripinga av to menn. Den uføretrygda mannen skal ha overført pengar til ein familie i det søraustasiastiske landet, som i gjengjeld vart pressa til å senda han overgrepsmateriale i retur. I tiltala mot austevollingen vert det understreka at dette er eit grovt lovbrot fordi barna som vart filma var særs sårbare og avhengig av pengane filminga førte med seg. Totalt skal 20 barn på Filippinane vera råka av handlingane til mannen, som tidlegare er dømt til fengsel i ti månadar for forhold knytt til overgrep.

 

Les saka i sin heilhet i avis eller på PDF