aug 042016
 

Skjermbilde 2016-08-03 kl. 16.01.29
Halldor Østervold Stenevik (16) har teke endå eitt steg i fotballkarrieren: Proffkontrakt med Sportsklubben Brann, som meiner den unge austevollingen har dei rette eigenskapane både i bein og hovud.

Sportssjef Rune Soltvedt i Brann har trua på at unge Østervold Stenevik kan veksa vidare på fotballbanen, berre eitt år etter overgangen frå FK Fyllingsdalen si ungdomsavdeling.

– Han har mange eigenskapar både som fotballspelar og menneske, som gjer at han har gode føresetnadar til å lukkast, seier Soltvedt til Marsteinen. Han trur ikkje Østervold Stenevik kjem til å mista bakkekontakten, sjølv om han har fått proffkontrakt med eliteserieklubben.

– Halldor er likevel klar over at han er komen igjennom eit trongt nålauge ved å ha skrive under kontrakten, men krava vert endå høgare når det kjem til vegen vidare, seier Soltvedt. Sjølv om 16-åringen trenar med a-stallen, ser Soltvedt for seg at det hovudsakeleg vert kampar for Brann II, som ligg heilt i toppen av tredjedivisjon i AIK si gruppe.
Les heile saka i avis eller på PDF