aug 042016
 
Foto Maria Vassnes

Foto Maria Vassnes

 

Gjennomgåande kvalitet, både tekstmessig og musikalsk, servert frå fargerike karakterar. Dei frammøtte i Bekkjarvik fekk oppleva ein konsert utan daudpunkt då folkets band, Vamp vitja hamna.

Allereie ein time før konsertstart begynte folk å samla seg rundt scena for å sikra seg dei beste plassane. Fleire hadde fortøydd båten i hamna dagen i førevegen for å få med seg den årlege sommarkonserten i regi av Bekkjarvik gjestgiveri. Minuttane før konsertstart seig det på med folk, og tett oppunder 1100 frammøtte løyste billett før det folkekjære bandet entra scena. Bandet, som i år feirar 25års-jubileum har dei siste åra opplevd at medlemmar har kome og gått, og det var eit tilnærma nytt band på podiet denne kvelden, saman med bandet sin originale vokalist – heimvendte Jan Ingvar Toft, Vamp-høvding Øyvind Staveland, og sonen Odin Staveland som har vore ein del av bandet siden 2005.
Les reportasje frå konserten i dagens avis eller på PDF