aug 042016
 
Arkivfoto

Arkivfoto

Dei kan freista med melkesyre i beina, tur i flott natur og god mat i kaféen. For femte året arrangerer Møkster bu, i samarbeid med øyfolket, no Møkster maraton.

– Møkster maraton er utan tvil årets folkefest på Møkster, smiler ein av arrangørane, Mona Mørk. Ho legg til at det er eit seriøst maraton, men at fokuset er på oppleving framfor prestasjon.
– Det er eit familiearrangement der alle kan delta, både som mosjonistar og tilskodarar. Me vil absolutt oppmoda alle som ikkje ynskjer å springa til å ta med seg campingstolen under armen, kaffi i kanna og eit flagg i handa, setja seg i vegkanten å heia, og få ei kjempeoppleving denne dagen!

Forskjellige distansar
Mona fortel til Marsteinen at det heile starta som ein sprø idé, der ein kjenning som tidlegare hadde delteke på mange maraton nemnde at Møkster ville vore den perfekte stad å arrangera løp.
– Dei fleste rista nok på hovudet den gongen, men det vart jo ein stor suksess, ler Mørk.
Laurdags føremiddag går det hurtigbåt frå Bergen, som stoppar innom Hufthamar på vegen mot øya i havgapet. Ein kan velja sjølv kva distanse ein vil springa: Ein kan gå for maraton på 42 kilometer, eit løp som går over mark og veg, gjennom gardstun og langs gamle traktorspor, der alle som deltek får gratis teknisk t-skjorte med logo og årstall.
– Det er inga makstid, så ein vel sjølv om ein vil sikta mot siger eller gå heile løpet, legg Mona til.
Dei som ikkje vil delta på vanleg maraton, kan melda seg på nautisk maraton, som er på 4,2 nautiske mil/ like under 8 kilometer.
– Det er eit litt meir folkeleg løp, der både barn og unge, og gjerne damene på over 80 år deltek. Dette kan alle klara!
I tillegg til dei to lengste løypene vert det sett opp eit eiga barneløp der alle som har lært seg å gå kan delta.
– Det vert forseggjort, 42 meter langt, med saftstasjon på halvvegen og is ved målstreken, lovar arrangørane.

Håpar folk tek turen
Møkster bu kan freista med deilig mat undervegs denne dagen. På skulen vert det servert sjømat som aurewraps, grilla torsk og sushi for dei som har lyst på det. Når kvelden sig på er det klart for premieutdeling, med heidersgjest Inge Asbjørn Haugen, som har vore med alle fem åra, og som sjølv har delteke på over 500 maraton. Folkefesten vert avslutta med konsert på pakkeriet på den nye kaien, med Stein Torleif Bjella, ein konsert som er open for alle, der alle under 16 år kjem gratis inn, før returbåten går tilbake til Hufthamar.
– Me gler oss veldig og håpar mange melder seg på i forkant av arrangementet, for å unngå unødvendig kø før maratonstart. På Møkster møter folk ein annan type idrettsmentalitet, mange har vore med tidlegare, men kvart år har me òg ein stor prosent debutantar, konstanterer Mørk. Ho seier at å springa maraton på Møkster er ufarleg, og det er ingen skam å gje seg om ein føler for det.
– Me ynskjer alle velkomne, og håpar både besteforeldre, foreldre og barn, tanter og onklar tek turen der me kan lova at alle får ein flott dag i saman.

Meir info kan du finna på www.mokstermaraton.com

Av Maria Vassnes