aug 062016
 
Kristoffer Østervold vert felt på stillinga 0-1. Straffe fekk kan ikkje, og i tumultane etterpå pådrog kaptein Alexander Dale seg direkte raudt kort.

Kristoffer Østervold vert felt på stillinga 0-1. Straffe fekk kan ikkje, og i tumultane etterpå pådrog kaptein Alexander Dale seg direkte raudt kort.

Dramatikk på Eidsbøen:

AIK klarte ikkje å stå i mot eit relativt offensivt Os-lag på Eidsbøen. Rett nok heldt ein god forsvarsfirar osingane borte frå nettmaskene i dryge 80 minutt, før ein sjeldan retur av AIKs bestemann Christer Bjånesøy dalte ned i beina til Anders Havsgård, som beina ballen i nettaket.

AIK laga utlikning dei siste minutta, og vart snytt for eit soleklart straffespark frå Kristoffer Østervold vart klypt ned bakfrå (foto ovanfor). Dommaren blas ikkje, og AIK-arane protesterte høglytt. Kaptein Alexander dale vart sendt rett i garderoben av dagens dommar, som feilaktig meinte at Østervold filma.

Kampen sett under eitt, leverte AIK ein svak kamp framover på banen. Kantspelarane kom aldri med, og det vart inga offensiv støtte til Tord Harald Skår og Kristoffer Østervold. AIK-forsvaret var i hovudsak bra, med keeper som den klart beste for heimelaget.

Av Trond Hagenes